Fylkeskommunen ønskjer å betre skysstilbodet for ungdom til og frå fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveldstid, og har sett av 1 million kroner til lokale transporttilbod for ungdom. Årets midlar er no fordelt mellom kommunane i fylket.
Kommunar eller ungdomsråd har sendt søknad om midlar til konkrete skysstilbod til og frå særskilte fritidsaktivitetar til fylkeskommunen, mellom anna med opplysningar om kva fritidstilbod det dreier seg om, strekning, tidspunkt og kostnad. Døme på fritidsaktivitetar kan vere ungdomsklubbar, kveldsopne skitrekk, konsertar og liknande.
18 kommunar har søkt og fått innvilga midlar i år. I tillegg er det løyvd 10 000 kroner til transporttilbod i samband med Fjellfilmfestivalen på Turtagrø i september.
Slik er fordelinga av midlane:
| Kommune | Kr tilskot |
| Askvoll | 14 610 |
| Aurland | 20 000 |
| Bremanger | 70 000 |
| Fjaler | 80 000 |
| Fjaler - transport i samband med førestillinga til SFUNG | 30 000 |
| Flora | 30 000 |
| Flora - Nordalsfjorden grendalag | 21 600 |
| Fjellfilmfestivalen | 10 000 |
| Gaular | 20 000 |
| Gulen | 50 000 |
| Hyllestad | 45 000 |
| Høyanger | 70 000 |
| Jølster | 70 000 |
| Luster | 40 000 |
| Lærdal | 41 000 |
| Selje | 65 000 |
| Sogndal | 60 000 |
| Solund | 110 000 |
| Vik | 40 000 |
| Vågsøy | 56 500 |
| Årdal | 44 550 |