Etter at ordninga ”Trygt heim for ein 50 – lapp” har fungert vellukka for ungdom i skuleåret, vert ordninga no prøvd ut om sommaren i eit spleiselag mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Samferdsledepartementet.
Det er altså snakk om ei prøveordning der tilbodet med skyss heim for ein 50 – lapp held fram i helgane natt til søndag også i sommarhalvåret. Samferdslekonsulent Eva Hamre opplyser at rutene vil gå som før, bortsett frå mellom Førde og Gaular.