Sogn og Fjordane fylkeskommune
 
Transporttilbod
 

Sogn og Fjordane Fylkeskommune satsar store ressursar på kollektivtilbod for ungdom. Ungdomskortet er den tyngste satsinga av dei tiltaka fylkeskommunen har retta inn mot skysstilbod for ungdom.

Kva er eit ungdomskort?

Eit ungdomskort er eit kort som gjev deg rett til å reise fritt med kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane mot å betale eit fast beløp for månaden.
I 2013 kostar påfyll av det elektronisk ungdomskortet kr 370 for månaden.

Kven kan nytte seg av ordninga?
Alle ungdomar frå 16 til og med 19 år kan nytte seg av ordninga. I 2004 vart ordninga utvida til også å gjelde 15-åringar som er i vidaregåande opplæring
.

Kvar gjeld kortet?

· Innanfor Sogn og Fjordane sine fylkesgrenser.
· På fylkeskryssande ruter til fylkesgrensa, skal ein lenger må det løysast billett derifrå.

Kva transportmiddel gjeld ordninga på?
· Lokalbussar
· Ringbussar
· Bybussar
· Nattbussar
· Flybussar
· Ekspressbussar
· Ferjer
· Rutegåande lokalbåtar
· Snøggbåtar

NB! Ved kapasitetsproblem vil ordinært betalande på båten ha fortrinnsrett. Ungdomskortreisande har ikkje reservasjonsrett.

Korleis skaffar du deg eit ungdomskort?
Ved ruteselskapa sine hovudkontor kan du få laga deg eit ungdomskort, men kan hentast ved ekspedisjonane i fylket.

Du må då fylle ut registreringsskjema og ha med deg eit passfoto til ungdomskortet, samt legitimasjon. Alternativt kan du sende registreringsskjema og passbilde til næraste ruteselskap, slik at kortet er klart når du kjem for å hente det i ekspedisjonen.
Registreringsskjema finn du her.

For å få utlevert kortet må du legitimere deg. Ved første påfylling av kort  må du betale kortgebyr/pant på 100 kr.

Korleis aktiverer du kortet slik at det er gyldig for bruk?
Når du har fått deg elektronisk kort, og betalt 370 kr på kortet vert dette aktivert første gongen du brukar det på buss/båten. Kortet gjeld ein månad frå dagen du arktiverar kortet. Når du fyller på kortet kan du betale for fleire månader i gongen.

Korleis brukar du ungdomskortet?
Ungdomskortet gjeld som betaling for kollektivreiser i Sogn og Fjordane fylke. Ved ombordstigning må du vise kortet til billettør og seia kvar du skal reise. Ved skifte av transportmiddel undervegs på ei reise, må kortet visast for kvar ombordstiging.

 


 
 
Ved spørsmål angåande Ungdomskortet:
 
 
 
 Sogn og Fjordane fylkeskommune
 Askedalen 2  
 6863 Leikanger  
   
 Samferdslekonsulent  
 Kontaktperson Eva Hamre
 Epost eva.hamre@sfj.no
 Telefon

57 65 62 68


 

 
Tidlegare artiklar
TittelDato
"Trygt heim for ein 50-lapp" sommaren 201327.06.2013
"Trygt heim for ein 50-lapp" går i jula22.12.2011
Ungdomskort for alle elevar i vidaregåande skule som fyller 16 i år11.07.2011
"Trygt heim for ein 50-lapp" går i sommaren 24.06.2011
Skaff deg elektronisk ungdomskort før 1. juni26.05.2011
Nye elektroniske kundekort for buss og båt i Sogn og Fjordane frå 1. april 201130.03.2011
I jula går tilbodet "Trygt heim"23.12.2010
Midlane til lokale transporttilbod for ungdom er fordelt08.07.2010
"Trygt heim for ein 50 - lapp" vert prøveordning i sommar25.06.2010
Saknar du transporttilbod til fritidsaktivitetar?15.03.2010



Next »