Sogn og Fjordane fylkeskommune
 
Transporttilbod
 
Ved spørsmål kontakt:
 
 Sogn og Fjordane fylkeskommune
 Askedalen 2  
 6863 Leikanger  
   
 Kontaktperson Eva Hamre
 Epost eva.hamre@sfj.no
 Telefon

57 65 62 68

 
 
Siste Nytt
 
 
Skaff deg elektronisk ungdomskort før 1. juni
Publisert: 26.05.2011
Utskrift    Tips ein venn

Frå 1. juni er det berre elektroniske ungdomskort som gjeld, og dei gamle manuelle korta vert ikkje godtekne. Dei elektroniske korta vart innførte 1. april i år, men dei gamle ungdomskorta har vore gyldige fram til no.

Frå innføringa av elektroniske reisekort for buss og båt i Sogn og Fjordane 1. april, har det vore ei utfordring for ruteselskapa å ekspedere alle nye kort. Difor har dei gamle ungdomskorta vore gyldige fram til no.  Etter 1. juni er det derimot berre elektroniske kort som gjeld. Slike kort kan bestillast hjå det ruteselskapet du nyttar mest, anten Fjord1 eller Firda Billag. Sjå meir informasjon om billettbestilling her. 

Med ungdomskortet kan ungdom mellom 16. og 19 år reise så mykje dei vil med buss og båt i fylket for 350 kroner. 

For meir informasjon, ta kontakt med

Eva Hamre

Samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Telefon: 57 65 62 68
E-post: eva.hamre@sfj.no 
 
 
Tidlegare artiklar
 
 
TittelDato
"Trygt heim for ein 50-lapp" sommaren 201327.06.2013
"Trygt heim for ein 50-lapp" går i jula22.12.2011
Ungdomskort for alle elevar i vidaregåande skule som fyller 16 i år11.07.2011
"Trygt heim for ein 50-lapp" går i sommaren 24.06.2011
Skaff deg elektronisk ungdomskort før 1. juni26.05.2011
Nye elektroniske kundekort for buss og båt i Sogn og Fjordane frå 1. april 201130.03.2011
I jula går tilbodet "Trygt heim"23.12.2010
Midlane til lokale transporttilbod for ungdom er fordelt08.07.2010
"Trygt heim for ein 50 - lapp" vert prøveordning i sommar25.06.2010
Saknar du transporttilbod til fritidsaktivitetar?15.03.2010



Next »