Sogn og Fjordane fylkeskommune
 
Transporttilbod
 
Ved spørsmål kontakt:
 
 Sogn og Fjordane fylkeskommune
 Askedalen 2  
 6863 Leikanger  
   
 Kontaktperson Eva Hamre
 Epost eva.hamre@sfj.no
 Telefon

57 65 62 68

 
 
Siste Nytt
 
 
Nye elektroniske kundekort for buss og båt i Sogn og Fjordane frå 1. april 2011
Publisert: 30.03.2011
Utskrift    Tips ein venn

Nye elektroniske kundekort for buss og båt i Sogn og Fjordane frå 1. april 2011



Frå 1. april 2011 blir det innført elektroniske reisekort for buss og båt i Sogn og Fjordane. I overgangen kan det  vere ufordrande å få ekspedert alle bestillingar av nye kort som krev påtrykt foto og namn. Får du tilbod om å fornye ditt gamle papirkort også i april, så gjeld dette som før i samsvar med påført periode.   

periodekort

  Periodekort - 30 dagar

Periodekort
Pris: Varierer etter reiselengda kortet skal gjelde for, men gir ca 40% rabatt ved 20 t/r reiser pr månad. Sjå pristabell. Periodekortet gjeld frå og til bestemte haldeplassar og kan nyttast på overgang buss/buss, båt/buss og buss/båt. Kortet skal presenterast ved kvart byte av transportmiddel.

Nytt er det at du kun får lagt inn periode på 30 dagar i kortet.  Perioden gjeld frå den datoen perioden blir aktivert, dvs ved første gongs bruk i ein billetterminal i bussen/båten og til midnatt dag nr 30.

 

Det fins tre produktvariantar for periodekort:

  • Periodekort Barn (4-16 år)
  • Periodekort Student (ikkje på båt)
  • Periodekort Vaksen

 Bestill periodekort via internett hos Fjord1-selskapet som du brukar mest her;

Du treng ikkje vente med å fornye til gammal periode er over.  Ny periode bli lagt på vent og aktivert først når du reiser første gong etter at gammal periode er over. Fornying av periode og bruk av kortet kan skje hos alle trafikkselskapa i fylket.

Periodekortet er personleg og skal ha påtrykt foto og namn.  Av omsyn til personvernet koblar ikkje trafikkselskapa kortnummeret mot kundenamn.  Kun kortnummer blir registrert i trafikkstatistikken og skulle du ha spørsmål om kortet/bruken må du oppgje kortnummeret som står påtrykt og som berre du kjenner.

For å stimulere til omtanke i behandling/gjenbruk av korta, blir det kravt kortpant på kr 100,-.

Bestilling kan også skje over disk der ruteselskapa har ekspedisjonar og om bord på båtane.  Ferdig kort vert sendt til deg i posten, utlevert i skranke eller på anna høveleg vis dersom du ber om det på skjemaet. Betaling for pant og periode skjer ved første gangs bruk.  Barn og studentar må syne legitimasjon (aldersbevis/studentbevis) til sjåfør/billettørved første gangs bruk av kortet.



ungdomskort

Ungdomskort - 30 dagar

Ungdomskort
Pris: kr 350 for 30 dagar.
Det nye elektroniske ungdomskortet kan påfyllast ein periode på 30 dagar - uavhengig av kalendermånad. 

          • Kortet gjeld frå den dagen du fyller 16 år og til den dagen du fyller 20 år.
          • Perioden gjeld frå den datoen perioden blir aktivert, dvs ved første gongs bruk i ein billetterminal i bussen/båten og til midnatt dag nr 30.
          • Ungdomskortet gjeld også på ferje i Sogn og Fjordane ( dvs ikkje Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland).


Ungdomskortet er personleg og skal ha påtrykt foto og namn.  Av omsyn til personvernet koblar ikkje trafikkselskapa kortnummeret mot kundenamn.  Kun kortnummer blir registrert i trafikkstatistikken og skulle du ha spørsmål om kortet/bruken må du oppgje kortnummeret som står påtrykt og som berre du kjenner.

For å stimulere til omtanke i behandling/gjenbruk av korta, blir det kravt kortpant på kr 100,-.

Bestill ungdomskort via internett hos Fjord1-selskapet som du brukar mest her;

Bestilling kan også skje over disk der ruteselskapa har ekspedisjonar.   Ferdig kort vert sendt til deg i posten, utlevert i skranke eller på anna høveleg vis dersom du ber om det på skjemaet. Betaling for pant og periode skjer ved første gangs bruk. Syn fram gyldig legitimasjon til sjåfør/billettør som legg inn fødselsdato ved første gangs bruk av kortet.



verdikort

Verdikort

Verdikort
- Valfrie påfyllingsbeløp på buss;  kr 300,-, kr 500,- eller kr 1000,-.  
- Påfyllingsbeløp på båt: kr 1000,-

Verdikortet gir 10 % rabatt ved reiser innafor Sogn og Fjordane.  Kortet kan også nyttast som betaling på fylkesoverskridande reiser - men då utan å få rabatt på reisa.Verdikortet er ikkje personleg og er utan namn/foto.  Kortet kan brukast til betaling for fleire personar/kategoriar og er ikkje knytt til bestemte haldeplassar.  Det er likevel kun barn og vaksne som får rabatt. Verdikort kjøper du og fyller på direkte hos bussjåføren eller rutebilekspedisjonane. 

Kun kortnummer blir registrert i trafikkstatistikken og skulle du ha spørsmål om kortet/bruken må du oppgje kortnummeret som står påtrykt og som berre du kjenner.

For å stimulere til omtanke i behandling/gjenbruk av korta, blir det kravt kortpant på kr 100,-. Kortpanten vert kravt ved første gongs påfylling.


 
 
Tidlegare artiklar
 
 
TittelDato
"Trygt heim for ein 50-lapp" sommaren 201327.06.2013
"Trygt heim for ein 50-lapp" går i jula22.12.2011
Ungdomskort for alle elevar i vidaregåande skule som fyller 16 i år11.07.2011
"Trygt heim for ein 50-lapp" går i sommaren 24.06.2011
Skaff deg elektronisk ungdomskort før 1. juni26.05.2011
Nye elektroniske kundekort for buss og båt i Sogn og Fjordane frå 1. april 201130.03.2011
I jula går tilbodet "Trygt heim"23.12.2010
Midlane til lokale transporttilbod for ungdom er fordelt08.07.2010
"Trygt heim for ein 50 - lapp" vert prøveordning i sommar25.06.2010
Saknar du transporttilbod til fritidsaktivitetar?15.03.2010



Next »