Saknar du transporttilbod til fritidsaktivitetar? Publisert: 15.03.2010 UtskriftTips ein venn
Fylkeskommunen ønskjer å betre skysstilbodet for ungdom til og frå fritidsaktivitetar. Ungdomsråd og kommunar vert no inviterte til å utforme eigne skyssopplegg og søke fylkeskommunen om midlar for å få dette i gang.
Det vanlege kollektivtilbodet er heller svakt på ettermiddagar og sein kveldstid. Det kan følgjeleg vere vanskeleg for ungdom å nytte kollektivtilbod heim frå fritidsaktivitetar, og det er heller ikkje alltid så lett å komme seg til fritidsaktivitetane. Fylkeskommunen har difor sett av 1 million kroner til utforming av lokale transporttilbod for ungdom (LTU), som kjem i tillegg tilungdomstilbod som Trygt heim for ein 50 – lapp og Ungdomskortet.
Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med Eva Hamre på telefon 57 65 62 68 og e-post: eva.hamre@sfj.no, eller Bente Sønsthagen på telefon 57 65 61 53 og e-post bente.sonsthagen@sfj.no