Sogn og Fjordane fylkeskommune
 
Transporttilbod
 

Sogn og Fjordane Fylkeskommune satsar store ressursar på kollektivtilbod for ungdom. Ungdomskortet er den tyngste satsinga av dei tiltaka fylkeskommunen har retta inn mot skysstilbod for ungdom.

Kva er eit ungdomskort?

Eit ungdomskort er eit kort som gjev deg rett til å reise fritt med kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane mot å betale eit fast beløp for månaden. I 2009 kostar eit oblat kr 350 for månaden.

Kven kan nytte seg av ordninga?
Alle ungdomar frå 16 til og med 19 år kan nytte seg av ordninga. I 2004 vart ordninga utvida til også å gjelde 15-åringar som er i vidaregåande opplæring

Kvar gjeld kortet?

· Innanfor Sogn og Fjordane sine fylkesgrenser.
· På fylkeskryssande ruter til fylkesgrensa, skal ein lenger må det løysast billett derifrå.

Kva transportmiddel gjeld ordninga på?
· Lokalbussar
· Ringbussar
· Bybussar
· Nattbussar
· Flybussar
· Ekspressbussar (ikkje Lavprisekspressen)
· Ferjer
· Rutegåande lokalbåtar
· Snøggbåtar

NB! Ved kapasitetsproblem vil ordinært betalande på båten ha fortrinnsrett. Ungdomskortreisande har ikkje reservasjonsrett.

Korleis skaffar du deg eit ungdomskort?
Ved ruteselskapa sine ekspedisjonar kan du få laga deg eit ungdomskort.

Du må då fylle ut registreringsskjema og ha med deg eit passfoto til å lime på ungdomskortet, samt legitimasjon. Alternativt kan du sende registreringsskjema til næraste ruteselskap, slik at kortet er klart når du kjem for å hente det i ekspedisjonen (hugs å sende med passfoto). Registreringsskjema finn du her.

For å få utlevert kortet må du legitimere deg, samt betale produksjonskostnaden for kortet.

Korleis aktiverer du kortet slik at det er gyldig for bruk?
For at kortet skal vere gyldig må det vere pålimt eit oblat som viser at du har betalt avgifta for den aktuelle månaden. Dette oblatet er å få kjøpt på ruteselskapa sine ekspedisjonar. Det vil også vere råd å få kjøpe oblata om bord i båtane og dei lokale rutebussane. Det er ikkje mogleg å kjøpe oblat om bord i ekspressbussane då desse ofte vert køyrt av bussar frå andre fylke.

Korleis aktiverer du kortet slik at det er gyldig for bruk?
For at kortet skal vere gyldig må det vere pålimt eit oblat som viser at du har betalt avgifta for den aktuelle månaden. Dette oblatet er å få kjøpt på ruteselskapa sine ekspedisjonar. Det vil også vere råd å få kjøpe oblata om bord i båtane og dei lokale rutebussane. Det er ikkje mogleg å kjøpe oblat om bord i ekspressbussane då desse ofte vert køyrt av bussar frå andre fylke.

Korleis brukar du ungdomskortet?
Ungdomskortet gjeld som betaling for kollektivreiser i Sogn og Fjordane fylke. Ved ombordstigning må du vise kortet til billettør og seia kvar du skal reise. Ved skifte av transportmiddel undervegs på ei reise, må kortet visast for kvar ombordstiging.

På båtreiser vert det nytta ein kupong som du må fylle ut med aktuell reisestrekkje og levere til billettør ved ilandstiging. Desse kupongane får du hjå ekspedisjonane til Fjord1 Fylkesbaatane og om bord i båtane.


 
 
Ved spørsmål angåande Ungdomskortet:
 
 
 
 Sogn og Fjordane fylkeskommune
 Askedalen 2  
 6863 Leikanger  
   
 Samferdslekonsulent  
 Kontaktperson Eva Hamre
 Epost eva.hamre@sfj.no
 Telefon

57 65 62 68


 

 
Tidlegare artiklar
TittelDato
Midlane til lokale transporttilbod for ungdom er fordelt08.07.2010
"Trygt heim for ein 50 - lapp" vert prøveordning i sommar25.06.2010
Saknar du transporttilbod til fritidsaktivitetar?15.03.2010
Trygt heim på Facebook17.02.2010
Trygt Heim i jula17.12.2009
Taxisentral fekk tryggingspris13.10.2009
Oppstart 23. august 200920.08.2009
Sommarferie for ”Trygt heim…”26.06.2009
Trygt heim for russen - framleis moglegheit til å søke13.05.2009
No er påska her03.04.2009



Next »