|
Taxisentral fekk tryggingspris Publisert: 13.10.2009
Utskrift Tips ein venn

Sogn og Fjordane fylke sin trafikktryggingspris for 2009 er tildelt Leikanger Taxisentral.
Dei får prisen for ideen og gjennomføring av transporttilbod som seinare ebba ut i den nasjonale ordninga "Trygt heim for ein 50-lapp".
Trafikktryggingsutvalet (FTU) har i grunngjevinga lagt vekt på at sjåførane tok initiativ og skapte ei skyssordning dei såg behov og verdi for lokalt. Deira idé og erfaring gav grunnlaget for transporttilbodet "Trygt heim for ein 50-lapp".
Taxisentralen starta på 90-talet opp eit tilbod med maxi-taxi for ungdom på Leikanger. Tilbodet fekk god respons både frå ungdomar og foreldre. Transporten vart nytta flittig både til og frå Sogndal.
|